Vest politidistrikt melder måndag klokka 13.54 at dei hjelper helse med å få ned ein pasient frå terrenget eller turstien i Avdalen i Årdal.

Det er også redningshelikopter og frivillige ressursar i aksjon, skriv politiet på Twitter.

Luftambulansen var ikkje tilgjengeleg, derfor har Hovudredningssentralen sendt eit helikopter.