Gå til sidens hovedinnhold

Permitteringsordninga blir forlengd til 1. juli

Regjeringa utvidar permitteringsordninga med to månader. Opposisjonen hadde varsla at dei ville presse gjennom ei forlenging i Stortinget.

Den utvida permitteringsordninga blir no forlengd til 1. juli. Det betyr at perioden blir utvida for arbeidstakarar som elles ville fall ut av ordninga fordi dei har vore permitterte i eitt år.

– Det gjer vi rett og slett for å sørgje for at fleire av dei som er permitterte, og som etter kvart opplever at jobbane kjem tilbake, ikkje fell ut av ordninga, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) til NRK.

Rundt 61.000 nordmenn er heilt eller delvis permitterte som følgje av koronapandemien i Noreg. Sist sommar vart permitteringsperioden utvida frå eit halvt år til eitt år (26 til 52 veker). Over halvparten av dei permitterte nærma seg eittårsgrensa og risikerte dermed å bli sagt opp.

Opposisjonen pressa på

Så seint som søndag sa regjeringa at det førebels ikkje var aktuelt med ei forlenging av ordninga.

– Regjeringa er førebudd på å forhandle om endringar i permitteringsreglane, sa statsminister Erna Solberg (H) til NTB då.

VG melde søndag at Frp var innstilt på å gå saman med Ap, Sp og SV for å forlengje permitteringsperioden. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å forlengje permitteringsperioden ut over dei 52 vekene som gjeld no.

– Sikre langsiktige vilkår

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug seier avgjerda er eit steg i riktig retning, men at Frp helst skulle sett at ordninga blir utvida til 1. oktober. Ho går langt i å seie at regjeringa har snudd etter press frå opposisjonen.

– Når dei ser at fleirtalet på Stortinget ønskjer utviding, så må dei jo berre følgje opp det, seier Listhaug.

Frp-nestleiaren meiner linja til regjeringa har ført til uvisse.

– Erna Solberg har litt arrogant sagt at permitterte må søkje på jobbar. Men når så mange bransjar slit, er det ikkje mykje å søkje på, seier Listhaug.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er òg fornøgd med forlenginga, men seier det òg er viktig at permitterte får behalde auka kompensasjonsgrad på 80 prosent, noko som førebels er uvisst.

– Justerer etter behov

Spørsmålet om regjeringa har endra linje for å unngå å bli overkøyrd i Stortinget, blir avvist av arbeids- og sosialministeren. Regjeringa har heile tida sagt at ho vil justere ordninga ut frå behova ho ser, understrekar Asheim.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) legg til på NRKs Politisk kvarter at regjeringa lenge har signalisert at det kunne komme ei forlenging, men at ein må balansere omsynet til dei permitterte opp mot risikoen for at dei blir låste inn i ei ordning der det er vanskelegare å komme tilbake i arbeidslivet igjen.

– I politikken er det sjeldan heilt svarte og heilt kvite løysingar, seier Ropstad.

– Klokt

Arbeidslivsorganisasjonar er godt fornøgd med at permitteringsordninga blir utvida. Ei klok avgjerd, meiner Parat.

– Utan ei forlenging av permitteringsperioden ville verksemdene måtta seie opp alle permitterte dei næraste månadene. Det gir inga meining no som vaksinen er her, seier Parat-leiar Unn Kristin Olsen.

YS meiner det vil ta lang tid før vi kjem tilbake til ein normaltilstand. YS-leiar Erik Kollerud seier han lenge har vore bekymra for at dei særskilde koronatiltaka for arbeidslivet blir avvikla for tidleg, og at forlenginga vil bidra til å redde levedyktige arbeidsplassar.

Bransjeorganisasjonen Virke er òg tilfreds, men ber regjeringa gjere meir. Virke etterlyser moglegheita for å ta inn kompensasjon for tap av varelager og lønnskostnader for permitterte tilsette i kompensasjonsordninga, og dessutan vidareføre og justere lønnsstøtteordninga.

– Det vil hjelpe verksemdene gjennom siste fase fram til vi har fått vaksinert befolkninga og er avgjerande for å halde folk i arbeid, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

I desember var 61.000 heilt eller delvis permitterte, men fleire blir no permittert i utelivet og reiselivsbransjen. Om lag 33.500 har vore arbeidssøkjande sidan perioden mars-mai i fjor.

Kommentarer til denne saken