Perler av elde med urpremiere på Førdefestivalen

Publisert 09.06.2019 kl. 11.33.

Fire musikarar har fått dykka ned i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling med meir enn 16.000 lydopptak gjort frå 1921 og fram til i dag. Resultatet av dykket til musikarane Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde, Marita Vårdal Igelkjøn og Viljar skal danna grunnlaget for ein heilt ny produksjon under Førdefestivalen; Perler av elde.

Musikkarkivar Synnøve S. Bjørset fortel at lydopptaka i arkivet har ulike kvalitetar som kan løftast fram og formidlast på mange måtar. Det er også med på gi musikkarven aktualitet på fleire plan.

- Ein musikar med bakgrunn frå jazz eller klassisk vil gjerne finna andre kvalitetar ved materialet enn ein som har bakgrunn i folkemusikken. Og det er  kjempespennande. I dette prosjektet er me på jakt etter desse ulike perspektiva, og me håpar dei gamle opptaka kan inspirera til å skapa noko annleis, eier Bjørset.

Musikarane si tolking av musikkarven vår får du høyre på Førdefestivalen fredag 5. juli.


Les meir om: Kultur Notis Musikk