Partane i arbeidslivet er samde: – Vil unngå oppseiingar

LO og NHO har i eit brev til stortingspolitikarane frå Vestland føreslege at bedrifter skal kunne permittera tilsette utan løn i opptil 52 veker.

DEL

Dette for å unngå oppseiingar. Fylkesordføraren gjev forslaget si fulle støtte.

– Me stør forslaget frå LO og NHO fullt ut. Dette er noko både bedrifter og arbeidstakarorganisasjonane ønskjer. Alternativet vil vere oppseiingar og konkursar, med dei følgjene det får. me ber om at ordninga med utvida permitteringsperiode utan lønsplikt vert lengja så lenge koronakrisa varer, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei melding frå fylkeskommunen.

Trepartssamarbeid

Sidan koronakrisa starta har fylkesordføraren kvar veke hatt møte med LO, NHO og Nav. Hensikta har vore å drøfte blant anna korleis partane i samfunns- og arbeidslivet kan jobbe aktivt for å avgrense konsekvensane og skadane av krisa.

– Me har jobba for å leggja til rette for korleis me som samfunn og arbeidsliv kan koma tilbake på bana etter korona. Vestland fylkeskommune er ein aktiv samarbeidspartnar med andre viktige samfunnsaktørar i ein unik krisesituasjon.

Reiselivet utsett

Det er sett i verk ulike tiltak i samband med koronapandemien, men krisa i næringslivet er framleis alvorleg. I Vestland er særleg reiselivsbransjen utsett, men også andre næringar kjenner på konsekvensane.

LO og HO skriv at rekrutteringsprosessar når aktiviteten tar seg opp, er tilsvarande kostnads- og ressurskrevjande.

– Etter vårt syn er det naudsynt å lengja permitteringsperioden nå slik at me unngår denne type unødige og fordyrande prosessar. Me minner om at permitteringsperioden vart utvida til 52 veker (49 veker utan lønsplikt) etter oljeprisfallet i 2016 nettopp på bakgrunn av same tankegang, heiter det blant anna i forslaget

Artikkeltags