– Dette er ein veldig spesiell plass der ein får oppleva ein foss og eit elveleie som er spektakulært. Det har dei klart å laga ei fin form ut av, seier lærdalsordførar Audun Mo.

Han var ein av dei som stod bak den offisielle opninga av den nye rasteplassen på Aurlandsfjellet onsdag. Det som tidlegare var ei parkeringslomme langs den smale og svingete vegen er oppgradert til ein rasteplass med gruslagt parkeringsareal og sitjegruppe.

Lagt til rette for ein kvil

Stien som går ned til elva like ved er også utbetra og ei informasjonstavle fortel besøkjande om alternativ til fotturar i området. Her er det lagt til rette for trapper ned til elva og benkar å sitja på.

– Dette er den første oppgraderte rasteplassen på Lærdalssida i tilknyting til turistvegen over Aurlandsfjellet. Den er ikkje stor, men det er ein spesiell stad, seier Mo.

Til stades på opninga var også representantar frå Nasjonale Turistvegar i Statens vegvesen, landskapsarkitekt Kari Bergo i Østensen & Bergo og Renate Kvåle Hagen, marknadssjef i Visit Sognefjord. Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS stod for entreprenørarbeidet.

Første av seks

I år markerer Nasjonale Turistvegar 30 år med kunst og arkitektur på rasteplassar og utsiktspunkt langs 18 strekningar. Opninga av Sluppen er den første av seks i 2023.

Det er også planar om ny rasteplass på Røyrnes langs Revsnesvegen ikkje langt frå Erdal.