På denne fjellovergangen er det brukt sprengladningar for å utløysa snøskred
TYINOSEN: Fv. 53 mellom Årdal og Tyin er stengd på grunn av uvêr onsdag. Denne veka har det også blitt utløyst snøskred i kontrollerte former på vegstrekkja. Foto: Morten Sortland
Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er utsett for snøskred.
På grunn av skredfaren, har det dei siste dagane blitt utløyst fleire kontrollerte snøskred langs fylkesvegen.
Det er gjort med sokalla skredtårn som står langs vegen. Det gjer det mogleg å utløysa skred på ein kontrollert måte.
– Betydeleg fare for snøskred
Innlandet fylkeskommune skriv at firmaet Wyssen Norge AS utarbeider regelmessige skredvarslar for fylkesvegen. Statens vegvesen hjelp til med å vurdera om det er naudsynt for å løyse ut skred.
Denne veka har det vore betydeleg fare for snøskred i Indre Sogn og i Jotunheimen, varslingstenesta Varsom.no melder om faregrad tre, eller oransje, for snøskred.
På grunn av eit svakt lag med kantkorn i snøoverflata, som har føykja ned, blei Innland fylkeskommune tilrådd å løysa ut skred på Fv. 53 mellom Årdal og Tyin.
Det skjed ved hjelp av sprengladningar i skredtårna. Det blei utført sprenging frå fleire av skretårna på strekninga.
Videoen under viser utløysing av ladningar på Tyinstølen.
Vegen stengt
Natt til onsdag blei Fv. 53 Tyin – Årdal stengt på grunn av uvêret. Det blir teke ei ny vurdering om eventuell opning i løpet av onsdag.
Status på fjellovergangane i Sogn klokka 08.00 tysdag er følgjande:
E16 Filefjell og Rv 50 Hol- Aurland: ope
Rv 13 Vikafjellet: Stengt
Rv 53 Årdal-Tyin: Stengt
Haukelifjell og Hardangervidda har kolonnekøyring
Hald deg oppdatert på ferske vegmeldingar frå Statens vegvesen
Kommentarer til denne saken