HISTORISK FÅ: Statistikken frå Statens vegvesen viser nedgang i tal drepne i trafikken. (Illustrasjonsfoto)

På veg mot historisk få drepne i trafikken

Held resten av 2019 fram som årets sju første månader, kan det bli under 100 omkomne i trafikken i år.

Publisert 14.08.2019 kl. 21.29. Oppdatert kl. 21.44.

Statens vegvesen opplyser at Noreg kan vera på veg mot historisk låge dødstal i trafikken. 


Fire omkom på norske vegar i juli, viser førebelse tal frå Statens vegvesen. Dette er seks færre enn i fjor. I juni og juli har 14 omkomme, noko som er åtte færre enn på tilsvarande periode i fjor. 


Stor tragedie

I løpet av årets sju første månader har 54 omkomme i trafikken. Det er færre enn på same tid i fjor. 


- Me kan vera på veg mot dei lågaste tala for omkomne i trafikken på over 70 år. Me må tilbake til 1947 då 94 omkom, for å finna tilsvarande tal, seier vegdirektør Bjørne Grimsrud i pressemeldinga frå vegvesenet. 


Verste år var 1970 med 560 omkomne å norske vegar. Den gongen var også trafikken lågare enn i dag. 


- Likevel handlar dette om langt meir enn tal og statistikk. For kvar enkelt ulukke er det ei stor tragedie for dei som vert ramma. Norske trafikantar er generelt flinke og ansvarlege i trafikken. aman med stadig betre vegar og sikrarer bilar er riskoen for å bli drepen eller skadd i ei trafikkulukke blitt den lågaste i verda, seier vegdirektøren. 


Ingen i Sogn og Fjordane

Så langt i år har flest mista livet i trafikken i Møre og Romsdal, Akershus og Nordland. Desse fylka har alle sju omkomne. I Rogaland og Sogn og Fjordane har det ikjke vore nokon dødsulukker så langt i år. 


- Ulukkene er spreidde og det er ingen spesielle strekningar som peikar seg seg ut. Men dei som har mista livet, er eldre enn tidlegare, seier Grimsrud. 


 


Jobbar meir målretta

Vegvesenet sine førebelse og uoffisielle tal viser at 42 menn og 12 kvinner har mista livet i trafikken så langt i år. 


Dei dominerande ulukkestypane er møte- og utforkøyringsulukker. 27 av dei totalt 54 trafikkdrepne omkom i ein personbil. 11 omkom på motorsykkel, seks var fotgjengarar, fire på sykkel og tre i varebil/tungbil. 


Sjølv om dødstala og tal hardt skadde i trafiikken har gått ned dei seinare åra, poengterer Bjørne Grimsrud at denne utviklinga ikkje kjem av seg sjølv. Vegvesenet meiner at eit breitt og fagleg solid forankra arbeid over tid har gjeve resultat. 


- For oss i vegvesenet er trafikktryggleik jobb nummer ein. Me har sett oss høge mål for trafikktryggleiken i Noreg. Skal me nå desse må me jobba endå meir målretta, systematisk og heilheitleg. Samstundes er me heilt avhengige av å tileigna oss og ta i bruk ny kunnskap og teknologi undervegs, seier Grimsrud i pressemeldinga. 


 


Les meir om: Nyhende Trafikk