TRADISJON: Bilete frå open dag på brannstasjonen i Leikanger i 2015. (Arkivfoto)

På laurdag kan du besøka brannstasjonane

350 brannstasjonar over heile landet opnar portane for små og store til helga.

Publisert 18.09.2019 kl. 19.00.

Nye tal syner at hausttradisjonen «Open brannstasjon» framleis er viktig for å redusera omfanget av alvorlege bustadbrannar.


For heile familien

Open brannstasjon er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve. Brannverveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If, i samarbeid med brannvesenet.


I vårt distrikt er det Sogn brann og redning IKS som står for gjennomføringa av arrangementet.


- «Open brannstasjon» gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier branninspektør Olav Helge Ylvisåker.


Brannøving heime

Open brannstasjon er ein del av Brannvernveka, som har vore arrangert sidan 80-talet og har blitt ein viktig tradisjon Noreg rundt, der tusenvis av barn får opplæring i branntryggleik.


Ei undersøking gjennomført av Kantar for arrangørane syner at kvar femte familie ikkje har tenkt i gjennom kva dei skal gjera om det oppstår brann i eigen bustad og at berre ein av åtte familiar har hatt brannøving heime. Berre 1 av 4 barnefamiliar har avtalt møteplass i tilfelle brann.


- Vi oppmodar alle til å gjennomføre ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkje klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Ylvisåker.


Sekundane tel

- Det er skremmande at så mange barnefamiliar ikkje har tenkt gjennom kva ein skal gjere om det byrjar å brenne om natta. Byrjar det å brenne, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekundane og minuttane. Då er det ikkje tid til å lure på kva ein skal gjere. Det er berre ved å ha brannøving heime ein kan trene på dette, seier Anders Rørvik Ellingbø. Han er branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.


Eit synleg og lett tilgjengeleg brannsløkkjeapparat er også spesielt viktig med tanke på brann om natta.


- Sekundane tel om det byrjar å brenne, så plassering av brannsløkkjeapparatet kan vere avgjerande om det oppstår eit branntilløp. Om natta når det er mørkt er det spesielt viktig at det er raskt og enkelt å finne apparatet. Du skal vite kvar det står, og ikkje trenge å leite etter det, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp.


Det er open dag på stasjonane i Gaupne, Sogndal og Leikanger laurdag 21. september klokka 10.00 til 14.00.