Gå til sidens hovedinnhold

Overlast, lekkasje frå motor, dårlege dekk og manglande brems

Alle sjåførane kom ikkje prikkfritt frå det under kontrollen.

Statens vegvesen gjennomførte to kontrollar ved Håbakke kontrollstasjon i Lærdal fredag.

På den første, på dagtid, køyrde 31 tunge køyretøy over plassen, ti av desse blei kontrollerte, og fire fekk med seg gebyr eller pålegg før dei kunne ta turen vidare.

Eit vogntog var overlasta og måtte lossa av før vidare køyring. For dette fekk firmaet eit gebyr på 3800 kroner. Eit anna vogntog fekk gebyr for to dekk på til saman 4000 kroner, i tillegg til mangellapp for lekkasje frå motor.

Éin sjåfør måtte rydda siktsona si før han kunne halda fram, og så var det ein sjåfør som fekk 2000 kroner i gebyr for brot på køyre- og kviletida. Av same årsak fekk firmaet som eig bilen 4000 kroner i bot.

Mangla brems

På kveldstid var kontrollørane på plass for ein ny runde.

Denne gongen var 34 køyretøy av den tunge sorten forbi, der seks blei kontrollerte. Det blei også eitt lett køyretøy. Også her var det fire som kunne gjort heimeleksa si betre.

Blant dei var ei trekkvogn som fekk bruksforbod fram til svingskiva blei smurt. Deretter fekk ein førar gebyr fordi han køyrde med to dekk der mønsterdjupna var under lovleg minimum, dessutan fekk tilhengjaren teknisk mangel på bremsane.

Ein tilhengjar på eit anna køyretøy var heller ikkje i toppform, og fekk teknisk mangel grunna manglande brems på eit hjul.

Til sist var ein varebil overlasta, og fekk bruksforbod fram til den blei lovleg lasta. Føraren fekk også eit gebyr då han ikkje hadde med vognkort under køyringa.

Kommentarer til denne saken