Over 8000 strauk på teoriprøven: – Tilsette må jobba kveldstid og helg for å halda tritt

MØTER IKKJE OPP: Mange av timane vart ikkje booka og mange møtte ikkje opp til dei timane dei hadde booka. - Det er frustrerande, seier Statens vegvesen.

MØTER IKKJE OPP: Mange av timane vart ikkje booka og mange møtte ikkje opp til dei timane dei hadde booka. - Det er frustrerande, seier Statens vegvesen. Foto:

Ein av tre strauk på teoriprøven i juni månad. Det fører til ekstra ventetid.

DEL

Av 23.205 teoriprøvar i juni var det 8.482 som enda med stryk, opplyser Statens vegvesen. Strykprosenten på teorien er generelt høg.

Til no i år ligg den samla sett på 39 prosent, i juni månad er den på 37 prosent.

– Utruleg synd

Veldig mange av dei som tek teoriprøven er ikkje godt nok førebudde og må prøva fleire gonger før dei står. Dersom du stryk på teoriprøve, må du venta to veker før du kan ta den på nytt.

– Hadde fleire stått på første forsøk, hadde me ikkje hatt kø for å ta teorien. Våre tilsette jobbar både kveldstid og helg for å møta etterspurnaden etter at me heldt stengd tidlegare i år på grunn av koronaen. Då er det utruleg synd at så mange kandidatar møter opp og er dårleg førebudde, seier fungerande avdelingsdirektør Jan Erik Myhr.

– Testar på nett er ikkje nok

Han seier Statens vegvesen tilrår å starta lærekøyring tidleg og lesa seg opp på trafikkreglane før ein går opp til prøve.

– Det held ikkje berre å ta nokre testar på nett og tru at det er nok for å greia teorien. Dei som har lærekøyrd og vore ute i trafikken har betre føresetnader for å stå, seier Myhr.

Aldri før har det vore gjennomført så mange teoriprøvar på ein månad som i juni 2020. 1812 av timane som vart lagt ut i juni, vart ikkje booka og heile 1525 møtte ikkje opp til timen dei hadde bestilt. Dette er frustrerande, seier direktør Myhr.

– Dette er plassar som kunne vore brukt av nokon av dei som ventar i kø, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken