Over 500 tilsette i Tine kan bli tekne ut i streik

Av

537 Tine-tilsette kan bli tekne ut i streik om det ikkje blir semje i meklinga i meieriindustrien som startar torsdag.

DEL

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) har varsla at dei kan ta ut tilsette ved sju meieri i streik frå starten av arbeidsdagen laurdag dersom meklinga med NHO Mat og Drikke, som blir gjennomført torsdag og fredag, ikkje fører fram.

Dei tilsette som kan bli tekne ut i streik, jobbar på Tines meieri i Brumunddal, Byrkjelo, Elnesvågen, Storsteinnes, Sømna, Tretten og Verdal.

Det var Matindustrien som først omtalte saka.

Tariffansvarleg Jarle Wilhelmsen i NNN seier til Nationen at det er vanskeleg å seia noko om sannsynet for at partane kjem til semje.

– No i første omgang er det Tine-meieri dette gjeld, men det kan bli ei rask opptrapping. Me gjer alt me kan for at forbrukarane ikkje skal bli ramma. Me har jo Q-Meieriene òg, så folk vil få mjølka si og andre meieriprodukt, seier Wilhelmsen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken