Gå til sidens hovedinnhold

Over 3 millionar vaksinedosar sette i Noreg

No har det vorte sett over tre millionar vaksinedosar i Noreg. Tempoet på vaksinasjonen vil vere høgt framover også, seier helseminister Bent Høie (H).

Ifølgje Folkehelseinstituttets nettsider er det tysdag registrert 3.012.227 millionar sette vaksinedosar i Noreg.

1.822.035 personar har fått første dose av koronavaksinen, medan 1.190.192 har fått dose nummer to.

Den første vaksinedosen i Noreg vart sett 27. desember i fjor. 163 dagar seinare har vi passert tre millionar.

– Det er fantastisk, seier helseminister Bent Høie (H), som seier det er mange som har ein del av æra for at vaksinasjonsprogrammet går så bra i Noreg.

Framleis høgt tempo

– Det er òg positivt at befolkninga stiller opp om vaksinasjonen, og at svært mange har takka ja til tilbodet om vaksine. Over 94 prosent av alle over 65 år har no fått vaksine, det er eit imponerande høgt tal, seier Høie.

Også dei neste månadene kjem talet på sette vaksinedosar til å halde fram i eit høgt tempo.

– Vi forventar store leveransar i tida framover, og kommunane har rigga seg slik at vaksinasjonen kan halde fram med fullt tempo også i sommar.

Høie imponert

– FHIs vaksinasjonskalender tilseier at alle nordmenn frå 18 år og oppover har fått tilbod om første dose i månadsskiftet juli/august, og at alle har fått tilbod om dose to i september, seier Høie.

– Eg er imponert over vaksinasjonen, og kommunane har gjort ein kjempejobb med å setje dosane. Tempoet er no veldig bra, legg han til.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken