Over 150.000 har søkt- sjå kva studium som er mest populært

Av

Tilbod om studieplass ved universitet og høgskular er sendt ut.

DEL

Over 150.000 personar har søkt om studieplass ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak. Måndag kjem svaret.

Fleire må rekne med å bli skuffa. Totalt er det 58.513 plassar.

Dei tre mest populære studia i år er siviløkonomutdanninga ved Noregs handelshøgskole i Bergen og rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

Fristen for å takke ja til studieplass i hovudopptaket er førstkomande fredag 24. juli før midnatt.

Restplass-moglegheiter

For dei som ikkje har kome inn på eit studium, eller ikkje vil takke ja til tilbodet som har kome, kan ein restplass vere løysinga. Desse plassane vart det mogleg å søkje på frå og med måndag klokka 9, og det er løpande opptak. Det vi seie at ein må søkje så raskt som mogleg.

Lista over ledige studieplassar blir jamleg oppdatert, og det kan dermed kome nye studium på lista òg etter 20. juli.

Flest kvinner søkjer

Litt over 12.000 fleire har søkt om studieplass i år enn i fjor. Flest av søkjarane, 59,3 prosent, er kvinner. Søkjarane er i alderen 18–87 år, og over halvparten er 22 år eller yngre.

15. juni opna universitet, høgskular og fagskular heilt opp att etter å ha stengt då dei strenge koronatiltaka i Noreg vart innførte 12. mars.

Studiestarten i haust går som planlagt

Sidan byrjinga av mai har dei opna gradvis opp, og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) har sagt at utdanninga i haust skal starte som normalt, men smittesituasjonen vil leggje føringar for korleis studiestarten blir. Asheim har påpeika at førsteårsstudentar bør prioriterast dersom smittevernomsyn gjer at ikkje alle kan vere til stades ved semesterstart.

Det er dessutan framleis avgrensingar for gjennomføring av arrangement, noko som kan få innverknad på fadderveka.

Artikkeltags