STOLTE: Magne Underdal og Anna Karine Marstein frå Undredal Stølsysteri på plass på Matstreif med rykande ferske spesialitet-merkjer. - Det kan vera ganske krevjande å vera liten i møte med den store marknaden. Då er det godt å få vera del av eit større fellesskap. (Pressefoto)

Ostar frå Undredal med i merkeordning for lokalmat i særklasse

Ostar frå Undredal Støylsysteri har teke imot Spesialitet-merket og får plass i merkeordninga for lokalmat i særklasse.

Publisert 06.09.2019 kl. 13.05. Oppdatert kl. 13.41.

- Det er godt for små som oss å få vera med på eit større lag som jobbar saman for norsk matproduksjon, seier dagleg leiar Anna Karine Marstein ved Undredal Stølsysteri.


Under eit Matstreif-seminar i Oslo i fredag tok imot ho Spesialitet-merkjer som viser at geitosten «Kvit Undredal» i tre lagringsgrader, samt brimosten «Brun Undredal», er godkjent av fagjuryen og får plass i den offisielle merkeordninga for norsk lokalmat i særklasse, Spesialitet.


- Kjekt

- Det er veldig kjekt at ostane våre fall i smak hjå fagjuryen, men når det er sagt så synest eg eigentleg ikkje at me treng nokon utanfrå for å fortelja oss at ostane våre er ein spesialitet, seier Marstein.


Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Ingvild Ofte Arntsen stod for overrekkinga av Spesialitet-merket til stølsysteriet. I sin tale sa ho.


- Undredal er ei lita bygd der eldsjeler med stoltheit og høg fagkunnskap har bevart og utvikla sin geitosttradisjon og gjort det til ein berebjelke i sin lokal-identitet.


- Viktige for lokalsamfunnet

Ysteriet i Undredal blei stifta i moderne form i 2002 av tre familiar, men Marstein synest det alltid er viktig å understreka at dei berre har modernisert ein ystetradisjon som har vore praktisert i dalen i mange generasjonar.


Stølsysteriet har hausta mykje omtale og anerkjenning. Ostane er ettertrakta og geitost-tradisjonen har blitt ein viktig del av lokalsamfunnet.


- Me opplever ein veldig støtte i lokalmiljøet, samstundes som me også kjenner på eit ansvar i bygda. Me har for eksempel Underdalsbui der ostane er ein viktig del av omsetnadsgrunnlaget. Me utgjer ein viktig del av eit skjørt system i ei bygd med berre 60 innbyggjarar. Difor er det så viktig for oss å ha lag å spela på, seier Marstein.


Marstein er oppteken av at norske matprodusentar må stå saman.


- Me må ha felles front mot alt som pressar på frå utlandet. Me må løfta fram norske råvarer og norsk matproduksjon. Heldigvis ser me ei aukande interesse for norsk mat, iallfall ser me det på ost. No spør mange etter norske ostar når dei handlar.


- Sikkert eksotisk sett utanfrå

Marstein seier ho er glad for at norsk ost seglar i medvind og får merksemd.


- Her har interesseorganisasjonen Norsk Gardsost gjort ein formidabel innsats, rosar ho.


Mange turistar og journalistar besøkjer vesle Undredal med store auge.


- Eg kan framleis bli i stuss når nokon liksom slår henda saman og synest geiter og stølsliv er eksotisk. For oss her er det jo berre ein naturleg del av kvardagen, seier ho.


- Samstundes skjønar eg jo at me er heldige som lever i ein slik kvardag - så nært naturen. Det er ei stor glede, men samstundes eit stort slit. Nå håpar me på draghjelp frå merkeordninga Spesialitet.


Merkeordninga Spesialitet blir forvalta av den uavhengige stiftelsen Matmerk på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.


Les meir om: Nyhende Aurland