Denne oktobermånaden har ikkje vore heilt som andre oktobermånader.

– Det har kome omtrent dobbelt så mykje regn i Oslo som det vanlegvis gjer. Det er den nest våtaste oktobermånaden på Blindern sidan 1937, berre slått av 2014, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

Varmare enn vanleg

I Oslo vart det målt 205,9 millimeter regn i oktober, medan vestlandshovudstaden måtte ta til takke med 188,5 millimeter. Dette er berre 70 prosent av normalen.

Fleire av målestasjonane på Austlandet fekk over det dobbelte av normalen, fleire av dei registrerte den våtaste oktober nokon gong med over 134 millimeter.

Den høgste målte nedbørsmengda i løpet av eitt døgn høyrer likevel heime på Vestlandet, der det vart målt heile 4,5 i Fjaler 29. oktober.

Månadstemperaturen for heile landet låg høgare enn normalt i oktober, om lag 1,5 grader. Men om du trudde denne oktobermånaden var den mildaste verda nokon gong har sett, må du tru om att: Det er nemleg berre den 15. varmaste sidan 1900.

Kaldast i Kautokeino

– Men eit par stasjonar i Vestland og Møre og Romsdal låg nær normalen, seier meteorologen.
Det var i på Tingvoll i Møre og Romsdal at den høgste temperaturen vart registrert, heile 21,4 grader var det 1. oktober.

Kaldast var det i Kautokeino, der det var -18,7 grader den aller siste dagane i månaden.

November har også hatt ein start litt utanom det vanlege med varmerekordar både i Oslo og Drammen.
I går vart det målt 17,4 grader på sistnemnde målestasjon, noko som er ny rekord for Viken.