Osland Havbruk har fått førelegg på 550.000 kroner

Braut lov som forbyr bruk av miljøgifter som kan skada skaldyr.

DEL

Vest politidistrikt har gitt eit førelegg på kr 550.000 til Osland Havbruk AS i Høyanger for brot på lova som forbyr bruk av miljøgifter som kan skada reker og andre skaldyr.

Bruk av legemiddel

«Lovbrotet gjaldt bruk av legemiddel mot lakselus i nærleiken av rekefelt, som vart eksplisitt forbode frå 27. februar 2017. Eit generelt krav til aktsemd med omsyn til miljøet gjaldt frå før», skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet tok imot melding frå Norges Miljøvernforbund i 2018 for den ulovlege bruken av lusemiddel ved fleire høve hausten 2017.

Osland Havbruk AS har den 20. mars 2020 vedteke førelegget, opplyser politiet.

Artikkeltags