Dette er første gongen i Radl om badl at me berre har med oss ein gjest, men når denne gjesten er Ørjan Hopen er me glade for det valet.
28-åringen fekk gjennombrotet for Sogndal på elitenivå allereie som 19-åring. Venstresleggja kombinert med den kjappe replikken gjorde han raskt til ein favoritt blant publikum og media.
I denne episoden er Ørjan open om den tunge tida han har vore gjennom med speleavhengighet, og me får servert mange røvarhistoriar frå tida i Sogndal.
Han fortel om då Malick Mane og Stéphane Badji utløyste brannalarmen på hotellet i Haugesund, me får veta om den spesielle måten Harald Aabrekk delte inn lag på treningane, og ikkje minst: Me får historia om korleis ein kamerat frå Jostedalen enda opp med hans VIP-billettar til VM-finalen i 2010.
Ørjan (28) trur han har tapt opp mot fire millionar: - Eg skamma meg noko vanvitig
Høyr episode 22 av fotballpodkasten Radl om badl via Soundcloud, på iTunes eller i Podkast-appen på mobilen din.