Øren Heen held fram som leiar i rovviltnemnda

ATTVALD: Aleksander Øren Heen frå Årdal i Sogn er attvald for nye fire år som leiar av rovviltnemnda i Region 1.

ATTVALD: Aleksander Øren Heen frå Årdal i Sogn er attvald for nye fire år som leiar av rovviltnemnda i Region 1. Foto:

Rovviltnemnda i Region 1 har konstituert seg og valt Aleksander Øren Heen som leiar for dei neste fire åra.

DEL

Nestleiar er Beate M. Johnsen frå Agder. Dei andre medlemene i nemnda er Trude Brosvik (Vestland), Sigbjørn Framnes (Vestland) og Hanne Marte Vatnaland (Rogaland), melder Fylkesmannen i Vestland i ei pressemelding.

Beiteprioritert

Region 1 omfattar fylka Vestland, Rogaland og den delen av Agder som tidlegare var Vest-Agder fylke.

Denne regionen er prioritert for beitebruk, og det er difor ikkje bestandsmål for nokon av dei fire store rovdyra i Region 1.

Fylkesmannen i Vestland er sekretariat for rovviltnemnda, og medlemene er oppnemnde av Miljødepartementet etter framlegg frå dei tre fylkestinga.

Todelt målsetjing

«Nemnda skal arbeide innanfor rammene av Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika av 2004 og 2011, fleirtalsvedtaket om ulv av 2016, og den todelte målsettinga om å sikre både levedyktige bestandar av rovvilt og beitenæringa i Noreg. Eit viktig prinsipp i rovviltforvaltninga er soneforvaltninga, som inneber mellom anna at det skal førast ei tydeleg forvaltning som skil beitedyr og rovvilt i tid og rom», heiter det i skrivet frå Fylkesmannen.

Artikkeltags