Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad uttalte seg på pressekonferansen på fredag om koronasituasjonen.

Nokre av desse personane kan ikkje ta vaksinen fordi dei er sjuke, nokon får ein ikkje tak i, og andre vel å takke nei, ifølgje Helsedirektoratet.

Han la til at han håpar at dei som ikkje har teke vaksinen, vil gjere det. Med 300.000-400.000 uvaksinerte vaksne aukar smitterisikoen.

– Like mange har avgrensa effekt av vaksinen. Det er som kjent berre litt over 90 prosent effekt mot symptomatisk sjukdom ved vaksinane. Det gjer at 300.000-400.000 menneske fort kan bli smitta og merke symptom likevel, sa han.

I tillegg har rundt 100.000 personar nedsett immunforsvar, og det er rundt 700.000 barn under tolv år som ikkje har fått tilbod om vaksine.

(©NPK)