2022 har vore året musikkorpsa har teke tilbake aktiviteten etter to år med pandemi. Med ein auke på nesten 4 prosent i medlemstal, nærmar vi oss nivået på medlemmer før pandemien, skriv Norges Musikkorps Forbund (NMF).

– Dette er ein stor inspirasjon for oss, og vi opplever at stadig fleire har fått interesse for å spele eit instrument. Dette har igjen ført til ein vekst både i talet på korps og fleire musikantar og drillarar, seier president i Norges Musikkorps Forbund, Rita Hirsum Lystad.

Ho meiner at vi dei siste tre åra har fått ei påminning om kor viktig det er med fellesskap:

– Det å vere ein del av noko større enn seg sjølv bidreg til personleg utvikling og auka folkehelse. Korpsmiljøet er ein perfekt arena for dette, og dette trur vi er ei medverkande årsak til den gode veksten i medlemstala. Våre verdiar er sentrale i arbeidet vårt; fellesskap, tryggleik, meistring og utvikling. Det er dette som skal bidra til at korps utviklar seg og at det frivillige rundt korps veks seg sterkt.