– Det er to menn som har hatt ei uovereinstemming, og den eine var utsett for noko vald. Det var ikkje behov for ambulanse, og dei to har vorte verande att på adressa, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Mikkelsen.

Politiet fekk inn melding ti på fem søndag ettermiddag og reiste altså til den private adressa i Øvre Årdal.

– Det blir oppretta sak og i første omgang utført korte avhøyr innleiingsvis. Så blir det nok utført fleire avhøyr etter kvart, seier Dahl-Mikkelsen.