Opprettar Korona-fond for lag og organisasjonar

FOND FOR FRIVILLIGE: Sparebanken Vest og konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth opprettar no eit koronafond for å støtta lag og foreiningar.

FOND FOR FRIVILLIGE: Sparebanken Vest og konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth opprettar no eit koronafond for å støtta lag og foreiningar. Foto:

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest opprettar no eit ekstraordinært Korona-fond på 100 millionar kroner for å kunne støtta lag og foreiningar på Vestlandet som kjem til å tapa pengar på grunn av koronaepidemien.

DEL

– Ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak. Difor har me snudd oss raskt rundt, og vedteke tildelinga for å kompensera for tap av inntekter til rekkja av lag og foreiningar som gjer viktig og verdifulle fritidsaktivitetar for barn og unge over heile Vestlandet, seier Hallgeir Isdahl, styreleiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest i ei pressemelding.

Deler ut gåver

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest vart etablert hausten 2019. Stiftinga skal vera ein langsiktig eigar i Sparebanken Vest. Formålet er å delta i kapitalutvidingar i banken. Vidare skal stiftinga også kunne dela ut gåver til allmennyttige føremål, og då særskilt i distrikt som har bygd opp kapitalen i Sparebanken Vest.

– Det er barn og unge som risikerer å verta taparane etter denne krisa dersom laga som står for fritidsaktivitetane deira ikkje overlever krisa økonomisk. Me er opptekne av gode oppvekstvilkår, fysisk aktivitet og eit variert fritidstilbod for alle barn og unge på Vestlandet. Det har vore viktig for oss å sikra at laga kan halda fram det viktige arbeidet sitt så snart det er mogleg å samlast igjen. Den økonomiske krisa varer truleg lenger enn helsekrisa, seier Bjørn Thømt, dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest.

Kriteria ikkje avgjort

Tildelingskriteria for fondet på 100 millionar kroner vert definert og offentleggjort seinare. For å gjera søknadsprosessen så enkel som mogleg, kjem fondet til å knyta seg opp mot det digitale søknadssystemet som ligg på heimesidene til Sparebanken Vest.

– Dette viser styrken i sparebankmodellen. Me skal vera leiande på bankdrift. men også på samfunnsområdet. Eg er glad for vedtaket i stiftinga, som gjev oss rom for å støtta opp om lokalmiljøa i ein vanskeleg situasjon, der mange lag står utan inntekter frå billettsal og deltakaravgifter fordi arrangement har vorte avlyste. Dette er difor eit viktig bidrag for viktige organisasjonar på Vestlandet, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Artikkeltags