Opprettar eigen Korona-telefon

TRYKK: - Me vurderer å oppretta ein eigen Korona-telefon, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

TRYKK: - Me vurderer å oppretta ein eigen Korona-telefon, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen. Foto:

Etter vedtaket om karantene for alle som kjem til Sogn, også frå andre regionar i Noreg, har trykket etter informasjon vore so sterkt at Luster opprettar ein eigen Korona-telefon.

DEL

Det opplyser ordførar Ivar Kvalen måndag.

Han hadde nett vore på eit nytt møte om situasjonen for Luster.

– Me har hatt ein praktisk gjennomgang og eg føler at me so langt har god kontroll. Me har dyktige legar som gir gode råd og det er godt å opplva alle som innafor helse gjer ein formidabel jobb. Me har også med oss solide frivillige organisasjonar. Luster Røde Kors er med i beredskapen vår og eg føler at me er godt rusta til å ta imot det som eventuelt måtte koma, seiar Kvalen.

Telefonstorm

Han fortel at det fredag, etter dei dramatiske tiltaka som vart innført torsdag, var relativt liten pågang frå innbyggjarane etter informasjon, men at dette tok seg opp då vedtaket om at alle som kjem til Sogn må inn i to veker med heimekarantene.

– Eg har sjølv fått mange telefonar, og på møtet i dag opplyste kommunelegen om at det hadde vore eit veldig stort trykk på sentralbordet til helsesenteret. Difor opprettar me ein eigen Korona-telefon, seier Kvalen.

– Tung dag

Han legg ikkje skjul på at det som no skjer går inn på han.

– Dette får veldig store konsekvensar. Torsdag kveld, etter at me hadde sendt elevar heim og stengt av institusjonar, var ein tung kveld, der også alvoret i den situasjonen landet er i kom sterkt inn over meg. Tankane gjekk til smittefaren, særleg for dei som er risikogruppa for å bli alvorleg sjuke. Tankane gjekk til næringslivet som går usikre tider i møte og til alle som blir permitterte eller sit i karantene. Dette får store konsekvensar for mange, seier Kvalen.

Artikkeltags