– Arbeidsgjevarane er tidleg ute med å annonsera stillingane, og dei som ikkje allereie har fått jobb har ein god sjanse no. Det er særleg mange ledige stillingar i helse- og omsorgssektoren som kan gje verdifull arbeidserfaring, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ei pressemelding.
Ho oppmodar til å følgja med på utlysingar og kontakte bedrifter ein har lyst til å jobba for.
I starten av mars er det utlyst over 1 400 sommarjobbar i Vestland på NAV-tenesta arbeidsplassen.no.
Låg arbeidsløyse
Arbeidsløysa i Vestland er framleis låg, og mange bedrifter er på jakt etter folk. På arbeidsplassen.no finst over 1 400 ledige sommarjobbar.
Ved utgangen av februar var 6 010 personar heilt arbeidsledige i Vestland. Dette utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er så vidt under snittet for heile landet. Arbeidsløysa i fylket har gått ned med over 1 300 personar sidan februar i fjor.
– Det er gledeleg å sjå at reiseliv og transport har få permitterte og langt færre ledige no enn på same tid i fjor. Den generelle arbeidsløysa i fylket har vore nokså stabil sidan sommaren når vi tek høgde for naturlege sesongvariasjonar, seier Kverneland Bogsnes.
Stor variasjon
Dei fleste kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på mellom 1 og 2 prosent. Høgast er den i Ulvik (5,1 prosent), Eidfjord (4,7 prosent) og Austevoll (3,8 prosent).
På nav.no/vestland finn du tal for alle kommunane i fylket.
Talet på utlyste stillingar har gått ned sidan i fjor, men framleis var det over 6 000 ledige stillingar i Vestland i februar. Det er flest ledige jobbar innan helse (1 692), reiseliv og transport (608) og butikk (546).