SKULESTART: Trygg Trafikk ber foreldre vurdera om det er naudsynt å køyra barn heilt fram til skulen. (Foto: Trygg Trafikk)

Oppmodar foreldre til å ta oppgjer med eiga bilkøyring

Trygg Trafikk ber foreldre om å vurdera om skulekøyringa verkeleg er naudsynt.

Publisert 15.08.2019 kl. 20.04. Oppdatert kl. 20.20.

- Mange foreldre køyrer barna mykje nærare skulen enn nødvendig. Det fører til unødvendig trafikk rundt skulen og meir utrygge skulevegar for dei som går og syklar, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.


I ei pressemelding oppmodar han foreldre som køyrer barna, om å sleppa dei av eit stykke frå skulen og la dei gå siste biten. 


Bli obs på køyrevanar

Det gjer også opplæringssjef i trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord. 


- Barn likar å vera i aktivitet utandørs og dei fleste ynskjer å gå eller sykla til skulen saman med venene sine. Det bør me vaksne leggja til rette for. Ved å følgja barna til skulen, til fots eller på sykkel, er foreldra med på å gjera skulevegen tryggare for dei minste. Våre eigne køyrevanar er det kvar og ein av oss som lettast kan gjera noko med, seier ho i pressemeldinga. 


Skryt til Kaupanger

Å etablera ei «Hjartesone» rundt skulen er Trygg Trafikk si tilrådde løysing for å gjera nærområdet til skulen sikrare. Ei slik sone er ei trafikksikker sone rundt skulen med minimal biltrafikk. Dersom barna må bli køyrde til skulen kan dei sleppast av i «droppsona» utanfor hjartesona.


Andre hjartesonetiltak kan vera å laga følgjegrupper, legga til rette for god sykkelparkering eller at foreldre står hjartesonevakter på utsette plassar. 


Distriktsleiar Audun Heggestad fortel at Kaupanger skule i Sogndal har jobba godt med denne problematikken. 


 


Ivrar for hjartesone

Hjartesone er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Syklistenes Landsforening, politiet, Helsedirektoratet, Miljøagentene, Foreldreutvalget for grunnopplæringen og Trygg Trafikk. 


- Me oppmodar foreldre som ynskjer å laga ei hjartesone rundt skulen til barna sine om å ta kontakt med FAU, skulen eller kommunen slik at dei saman kan finna den beste løysinga, seier Meisfjord. 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal Ung Trafikk