Gå til sidens hovedinnhold

Oppmodar bedrifter til å betala mini-julebord for tilsette

Mange bedrifter avlyser årets julebord på grunn av koronaen. No vil BOB, Sogn & Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINST) strekkja ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring.

– BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord og me håpar fleire bedrifter i Sogn & Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan me byggja kollegafellesskap og samtidig støtte ei næring som er særleg råka av korona, seier Liv-Judit Straume, regiondirektør i BOB i ei pressemelding.

I Bergen har bustadbyggjelaget BOB i lag med Bergen Næringsråd og NHO Reiseliv allereie fått med seg fleire på ideen. BOB sine til saman 160 tilsette vil før jul få tilskot til å eta på restaurant i mindre grupper på maks ti personar.

Smittevernrutinar

Sogn og Fjordane Næringsråd er glade for initiativet.

– Det er svært positivt å sjå kva BOB og Bergen Næringsråd har sett i gong i Hordaland. Me støttar svært gjerne opp eit liknande initiativ i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i næringsrådet.

Hotell- og serveringsbedrifter er ofte viktige arbeidsplassar i lokalmiljøet. Næringsrådet oppmodar bedriftene i regionen til å nytta dei til å arrangera møter, konferansar og julebord og andre arrangement framover.

– Det er etablert gode rutinar for smittevern og me trur mange har behov for å møtast fysisk etter fleire månader på heimekontor.

– Mei FINST meiner dette er eit glimrande tiltak og me oppmodar våre medlemsbedrifter til å arrangera julebord også i desse koronatider, seier Geir Opseth, leiar i FINST.

Kommentarer til denne saken