I Voss herad opphevar dei no alle dei omfattande koronatiltaka dei har hatt dei siste dagane, skriv kommunen i ei pressemelding.
Både Voss ungdomsskule og ungdomstrinnet ved Granvin barne- og ungdomsskule opnar for vanleg undervisning frå torsdag 26. november.
Besøksforbodet på sjukeheimane vert oppheva samstundes. Også dei to andre lokale tiltaka, om at heimekontor skal nyttast der det er mogleg og tilråding om bruk av munnbind på butikkar og andre stader der ein ikkje kan halda ein meter, vert oppheva.
I løpet av sist veke er det testa kring 1.000 personar, og det er ikkje meldt om nye tilfelle verken i dag eller i går.
Rådmann Arild M. Steine seier det er all grunn til å gje honnør til innbyggjarane i Voss herad som har følgt opp tiltaka og bidratt til å ta ned smitteutbrotet. Han rettar også eit stor takk til dei som har jobba med smittesporing og testing, som gjennom stor innsats har gjort ein avgjerande jobb for å unngå eit større smitteutbrot.