Gå til sidens hovedinnhold

Oppdaga barn utan bilbelte- det svei for sjåføren

Under ein kontroll i Aurland og Lærdal torsdag blei 155 observerte for bruk av bilbelte.

Kontrollane blie gjort på Ljøsne i Lærdal, i Aurland og Flåm. Hovudfokus var førarar av tunge køyretøy, går det fram av kontrollrapporten frå Statens vegvesen.

Av dei 155 var det 50 vogntogsjåførar. Det var berre ein vogntogsjåfør som ikkje brukte bilbelte, vedkomande fekk eit gebyr på 1.500 kroner.

Ein sjåfør av ein personbil blei også stoga. Han køyrde med usikra passasjer under 15 år. Når passasjeren er under 15 år, er det alltid sjåfrøren sitt ansvar at vedkomande er sikra med bilbelte eller godkjent sikringsutstyr.

Føraren fekk eit førelegg på 2.450 kroner, går det fram av kontrollrapporten.

Kommentarer til denne saken