Slik ser det ut på Rv. 52 ved Bjøberg måndag morgon. (Skjermdump, vegvesen.no)

Opne fjellovergangar, men snøslaps og isdekke enkelte plassar

Det blir melde om opne fjellovergangar måndag morgon, men pass på. Det kan vera glatt.

Publisert 18.02.2019 kl. 07.07. Oppdatert kl. 07.14.

Det skal vere bra køyreforhold og klokka 06.30 måndag var stoda slik: 


Ev 16 Filefjell


Stort sett bart. Klokka 05:40 var det 3 grader, svak vind og opphaldsvêr.


Rv 13 Vikafjellet


Snøslaps og stadvis isdekke. Klokka 06.30 var det 1 grad, laber bris og opphaldsvêr.


Rv 15 Billingen bom - Ospeli, på strekningen Strynefjellet


Vekslande snø- og isdekke, tynn is og fare for glatte parti. Klokka 05:45 var det 3 grader, vestleg svak vind og skya opphaldsvêr.


Rv 52 Hemsedalsfjellet


Stort sett bart. Klokka 05:30 var det 1 grad, flau vind og opphaldsvêr.


Fv 50 Hol - Aurland i Sogn og Fjordane


Vekslande bart, stadvis isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05:40 var det null grader, frisk bris og lette snøbyger.


Fv 53 Tyin - Årdal 


Snø- og isdekke. Klokka 05:20 var det -3 grader, flau vind og opphaldsvêr.


Fv 53 Fodnes - Årdal


Finnsåstunnelen kan bli stengd i periodar på inntil 20 minutt på grunn av vegarbeid. Utrykningskjøretøy og rutegående trafikk kan passera. 


Les også: Ombygging fører til ruteendring på ferjesambandet Dragsvik - Hella.


Hald deg oppdatert på vegvesen.no.


Siste saker Gå til framsida