Opnar ikkje skular før i slutten av april

OPNAR DELVIS: Alle skular i landet skal frå den 27. april skal ta imot elevane frå 1. til 4. klasse. Også her på Gaupne skule i Luster kommune.

OPNAR DELVIS: Alle skular i landet skal frå den 27. april skal ta imot elevane frå 1. til 4. klasse. Også her på Gaupne skule i Luster kommune. Foto:

Skulane opnar for 1.–4. klasse den 27. april. Det kom fram på regjeringa si pressekonferanse tysdag ettermiddag.

DEL

Alle barnehagar i landet opnar den 20. april. Først ei veke seinare opnar skulane for elevar i 1. til 4. klasse. Også SFO opnar då. I tillegg opnar vidaregåande skular for nokre elevar i yrkesfag i 2. og 3. klasse frå 27. april slik at elevane får tilgang til utstyr dei treng for å sluttføra utdanninga.

Kunnskapsminister Guri Melby sa på pressekonferansen at lærarane treng veka etter påske til å bu seg på at dei yngste elevane kjem attende til skulen.

– Så er målet vårt at alle elevane skal få koma attende til skulen før sommarferien. Men det er ikkje sikkert det vert på same måten som før. Kanskje vert det i mindre grupper, og kanskje ikkje alle dagar. Dette må me koma attende til.

Kommunane får ikkje bestemma

Helseminister Bent Høie sa dei har fått råd om at kommunane kan avgjera skuleopning sjølve. Det avviste han tvert.

– Dei råda har me ikkje lytta til. Kommunane får ikkje bestemma sjølve. Det er viktig at nabokommunar har lik praksis. Me må ha nasjonale reglar, og ikkje kommunale, sa Høie.

På hytta etter påske

Forbodet mot å overnatta på hytta, vert oppheva den 20. april, ei veke etter påske. Men framleis oppmodar styremaktene folk om å avgrensa fritidsreiser, og halda seg mest mogleg i ro.

Frisørar og hudpleiesalongar kan byrja opp att i slutten av april, men då med restriksjonar.

Viktig med lagspel

– Me er framleis langt frå halvspelt viss me samanliknar oss med ein fotballkamp. Men med godt lagspel har Norge klart å få kontroll på dette viruset. Jobben no er å halda fast på denne kontrollen, sa statsminister Erna Solberg på pressekonferansen.

Ho åtvara mot å tru at me kan lena oss tilbake og røra oss tilbake til kvardagen.

– Det vi gjer no, er å opna litt opp. Men eg vil understreka så sterkt eg kan, at dette ikkje betyr at me kan verta meir uforsiktige på andre område. Andre tiltak og råd gjeld difor framleis.

Artikkeltags