Gå til sidens hovedinnhold

Opnar ikkje i dag: – Satsar på nattestengingar

Oppryddinga etter raset på fv5600 i Arnafjorden tek lenger tid enn venta.

Det opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding laurdag kveld.

Leiar for drift nord, Rune Sande, seier arbeidet tek lenger tid enn venta og at vegen difor ikkje ert opna laurdag, slik det var antyda.

– Me satsar på at vegen kan opnast innan klokka 15–00 søndag, men med nattestengingar frå klokka 20.00 til klokka 07.00, men det er meldt mykje nedbør, så vegen kan bli stengd att på kort varsel, seier Sande.

Kommentarer til denne saken