Opnar ikkje fjellet til helga

Vikafjellet vert likevel ikkje opna laurdag.

DEL

– Det kjem inn kraftig vind på laurdag og sundag som gjer det vanskeleg å opna fjellet, opplyser Geir Ove Engebø i Statens vegvesen.

Han legg til at entreprenøren hadde klart å opna til laurdag om ikkje det dårlege vêret hadde kome inn.

– Då me sjekka vêrmeldinga i går og i dag tidleg var det meldt 12–14 meter i sekundet, men no har det auka til 23 meter i sekundet på laurdag og 16 meter i sekunder på sundag, seier Engebø.

Ny vurdering for opning er utsett til måndag kl. 16.00.

Artikkeltags