Opnar hyttene att, men du får ikkje bruka turbiblioteka

OPE: Orrabu har vore stengd sidan mars, men no er det mogleg å ta dagsturhytta i Leikanger i bruk att.

OPE: Orrabu har vore stengd sidan mars, men no er det mogleg å ta dagsturhytta i Leikanger i bruk att. Foto:

DEL

Sogndal kommune melder at dei tre dagsturhyttene, som ligg innanfor kommunegrensa, no er opna att. Hyttene vart stengde i mars for å hindra spreiing av koronaviruset.

Hyttene vil stå ope som normalt, men bøkene i turbiblioteka vil bli tekne vekk som eit førebyggjande tiltak.

– Me oppmodar alle om å følgja dei sentrale retningslinene om smittevern. Personar som har luftvegsymptom skal ikkje nytta seg av hyttene, skriv kommunen.

Artikkeltags