Dei som blir tilrådd ein fjerde dose koronavaksine er personar i aldersgruppa 65 år og eldre, personar i aldersgruppa 18–64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom og gravide i 2. og 3. trimester. Resten må ta omsyn til denne ordlyden:
– Det er også opna opp for at dersom du er i aldersgruppa 18–64 år og ikkje har nokon risikotilstandar, har du moglegheit til å ta ein ny oppfriskingsdose dersom du sjølv ønskjer det.
Line Joranger, professor i kultur- og samfunnspsykologi ved Universitetet i Søraust-Noreg seier det er stikk i strid med tidlegare praksis.
– Styresmaktene har vore svært tydelege i dei normative og politiske tilrådingane sine og i direktiv om vaksinasjon, isolering og nedstenging, seier Joranger til NRK.
Ho meiner det kan vere problematisk at denne gruppa no er overlaten til å bestemme sjølv.
– Med ei slik utsegn legg FHI opp til at folk må bruke sin eigen fornuft. Vi står dermed sjølv ansvarlege for konsekvensane av vala våre, utan heilt å vite kva desse konsekvensane er, bortsett frå ei generell liste over biverknader som kan oppstå eller ikkje oppstå.
Rebecca Jane Cox, professor og leiar hos influensasenteret ved Universitet i Bergen, seier eldre, gravide og dei med underliggjande sjukdommar absolutt bør ta vaksinen. Akkurat som FHI har tilrådd. Men også andre kan ha gode grunnar til å ta vaksinen forklarer ho.
– Er du veldig bekymra for å få korona så vil eg tilrå vaksinen. Også dei som er eksponerte for barn i skule og barnehage, og dessutan dei som jobbar i helsevesen bør ta vaksinen, seier Cox til NRK.
(©NPK)