MELLOMBELS STENGD: Fylkesveg 50 gjennom Stondalen er stengd på grunn av steinras. (Arkivfoto)

Opna att etter steinras

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol vart måndag morgon stengd på grunn av steinras.

Publisert 16.04.2018 kl. 06.28. Oppdatert kl. 06.41.

Raset på fylkesvegen gjekk i Stondalen måndag morgon.


Det var eit heller lite ras, men grunna fare for nye ras, ville vegvesenet ta ei vurdering om når vegen kan opnast att.


Like etter klokka 09.30 vert det meldt at vegen er open for trafikk etter opprydningsarbeid.


I morgontimane måndag vart også Flåmsbana stengd på grunn av ras. Her blir det teke ei ny vurdring klokka 11.00.


Riksveg 5, Amlatunnelen, vil på dagtid blir stengd i periodar på 20 minuttar på grunn av vedlikehaldsarbeid fram til klokka 17.30. Frå klokka 20.00 i kveld vil det  bli manuell dirigering fram til 06.00 tysdag morgon. Kolonnene vil bli tilpassa rutetrafikk og ferjeavgangane.