Onstadtunnelen er open att

DEL

Onstadtunnelen på E16 i Aurland vart midlertidig stengt grunna melding om at eit vogntog har varmgang i bremsane klokka 6.15 fredag morgon. Vogntoget stod like før Onstadtunnelen på Flåm-sida.

Klokka 7.01 er tunnelen open att, melder Vegvesenet. Vogntoget er ute av vegen og tungbilbergar er på veg. Under berginga vil det bli behov for ei kortare stenging av tunnelen.

Artikkeltags