Onsdag skal tyfonane testast

Onsdag 10. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «viktig melding- søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

DEL

Sivilforsvaret, som er ein del av DSB, testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane, melder DSB i ei pressemelding.

Signalet betyr at du skal søkja informasjon i til dømes radio, tv, aviser, myndigheitene sine nettstader og sosiale medium.

1.250 tyfonar i Noreg

Rundt om i landet er det om lag 1.250 tyfonar som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukte både i krig og fred.

– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulukker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Tore Ketil Stårvik, sjef for Sivilforsvaret, i pressemeldinga.

Halvparten av befolkninga

Sivilforsvaret testar tyfonane for å sjekka om dei vierkar og reparerer det som ikkje fungerer.

– Varslingsanlegga er stort sett plasserte i byar og tettstader og signala vil kunna høyrast av over halvparten av befolkninga, seier Stårvik.

Artikkeltags