Onsdag ettermiddag og kveld er det venta kraftige regnbyer i midtre og indre strøk der bakken ikkje er dekka av snø, melder meteorologane på Twitter.

Det er store variasjonar i intensitet og mengde, og vêret kan endra seg raskt.

Yr.no varslar om fare for overvatn i bustadområde, og på vegane, som gir fare for vassplaning. Det kan bli lokale flaumskader og jordskred, og det er fare for hagl, lyn og kraftige vindkast. Uvêret kan føra til stengde vegar, lokalt vanskelege køyreforhold og skader på elektriske anlegg og apparat grunna lynnedslag.

Frå før er det også flaumfare på gult nivå, og skogbrannfare fram til det kjem nedbør av betydning.

Det varme vêret og den kraftige snøsmeltinga, kan føra til raskt aukande vassføring i små og mellomstore vassdrag der det er mykje snø igjen.