Høgsesongen for farevarsel er i gang. Regnvêret som har trekt inn over Vestlandet gir aukande fare for flaum og jordskred på heile Vestlandet, melder Varsom.no.

Vassføringa er venta å auka i både små og store bekkar og elvar i løpet av onsdag og torsdag grunna vedvarande mykje nedbør. Det kan føra til lokale oversvømmelsar.

Farevarselet for flaum er førebels på gult nivå, moderat fare, og gjeld frå onsdag til fredag.

Det er for same periode også sendt ut farevarsel på gult nivå for jordskred på Vestlandet og vestlege delar av høgfjellet.

Onsdag er det også gult farevarsel for kraftige vindkast i deler av Vestlandet. På ettermiddagen og kvelden er det venta lokalt kraftige vindkast på 27-33 m/s først frå sør, seinare sørvest og vest. Vinden vil auka først i sør, og minka sist i nord. Relativt sett er dei sterkaste vindkasta venta i midtre og indre strok, melder yr.no. Det blir også relativt mykje vind torsdag og fredag, men då er det ikkje sendt ut gult farevarsel.