Omsetnaden på heiskort i vinterferien auka med 70 prosent

NY REKORD: – Held me trykket vert det ny rekord, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal Skisenter, Hollekve.

NY REKORD: – Held me trykket vert det ny rekord, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal Skisenter, Hollekve. Foto:

Fjellsportfestivalen og Dalalåven gav rekordomsetnad for Sogndal Skisenter i vinterferien.

DEL

– Ein ellevill vinterferie, konkluderer dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal Skisenter i ei pressemelding.

Går mot rekord

Om parkering og sesongkort vert halde utanom, auka omsetnaden på heiskort med 70 prosent frå same veke i fjor, og med ei nær dobling frå 2018.

– Totalt hadde skisenteret og aktivitetane i Dalalåven ein omsetnad på halvannan million frå vinterferien starta til ferien og festivalen vart avslutta, seier Grevsnes, og legg til at parkeringsinntekter og festivalen sin eigen omsetnad kjem i tillegg.

Han kan melda om at denne vinteren ser ut til å bli ein rekordsesong når det gjeld heisinntektene.

Tek att forspranget

– Ved årsskiftet låg me 750.000 kroner bak supersesongen 2017–2018, som hadde knallforhold frå november, men takk vere godt sal av sesongkort i januar og god omsetnad på einskilddagar er nesten heile forspranget teke inn att i år, seier Grevsnes, og konkluderer:

– Held me trykket vert det ny rekord.

Han gjev festivalarrangørane og deltakarane, offensive samarbeidspartnarar som sponsorar og kommunen, og dei andre aktørane i Hollekve æra for suksessen.

Motiverande attendemeldingar

– Våre samarbeidspartnarar har gjort det mogeleg å investera i ny barneheis, nye trasear og ein super møteplass i Dalalåven, seier Grevsnes.

Vidare har ny hovudtrasé til seks millionar gjort det mogeleg å opna tidlegare enn før.

– Barneheisen og Dalalåven med butikk, kafé og barnerom har gjort oss til eit komplett familieanlegg, seier Grevsnes, og understrekar at det er gode attendemeldingar frå gjestene som gjev motivasjon for vidare satsing.

Artikkeltags