Gå til sidens hovedinnhold

Omkom etter trafikkulukke i Nordfjord

Politiets operasjonssentral fekk tysdag 8. juni kl. 10.45 melding via AMK om trafikkulukke med betongbil på Remmedalsvegen i Nordfjordeid.

Alle naudetatene rykte ut til staden saman med luftambulanse. Det blei sett i verk livreddande tiltak på staden på førar av køyretøyet.

Personen blei etter kvart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding klokka 15.49 tysdag.

Personen blei seinare erklært død. Pårørande er varsla.

Politiet har gjennomført tekniske undersøkingar på staden. Statens havarikommisjon er varsla om ulykka, og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden.

Saka blir etterforska av lokalt politi i Nordfjord lensmannsdistrikt.

Kommentarer til denne saken