Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Vi er mange som har fått større forståing og auka respekt for den enorme innsatsen administrasjon og politikarar legg ned i arbeidet med å ta vare på folk og bygd. Eg har aldri vore stoltare av våre kloke, hardtarbeidande og lyttande politikarar. Gravenstein er her mindre att av, men det er svært gledeleg at det også i framtida skal bogne av born i Fjøra. Eg trur at mange har opplevd eit større eigarskap til bygda gjennom moglegheita til å vere «utfordrarinnbyggar» (det let finare enn aktivist). Kommunen skal ha ros for denne invitasjonen til å bidra i bygdeutviklinga.

Langar ut mot Trudvang-tilhengjarar: – Har tilgrisa debatten
Eg blir rørt av å sjå korleis bygda har «kome saman», men samstundes ser eg at skulesaka også splittar. Det har frå fleire hald blitt påpeikt at det digitale ordskiftet har vore hardt og til dels usakleg og personleg, og at krasse utsegn i kommentarfelta på Facebook har gjort at dei som ynskte barneskule på Kvåle ikkje har våga ytre seg. Kommunedirektøren gjorde tidleg eit poeng av at ytringar på sosiale media ikkje vart tekne til følgje, og det var nok klokt – for kommentarfelt lever eigne liv og er ikkje ein demokratisk arena. Facebooktrådane er ikkje tilgjengelege for alle, men for dei innanfor rette venesirkel, og vert såleis til ekkokammer som snevrar inn variasjon og breidde i argument og meiningar (Mari Husabø skreiv godt om dette der ho viste til Joachim Laberg sin kronikk i Aftenposten. Ved å skrive på eigen Facebookprofil illustrerte ho poenget). Når ordskiftet i kommentarfelt på sosiale media og aviser så ofte blir usakleg og ufin, øydelegg den for ei konstruktiv meiningsbryting.
Difor var det svært positivt at kommunen la til rette for medverknad gjennom utfordrarbygda.no som portal for saklege og endåtil anonyme innspel, utan at avsendaren trong utsetje seg for usakleg kritikk. Diverre lukkast ein heller ikkje gjennom ei sikrare plattform å lokke fram særleg mange innspel i Kvåle sin favør. Eg har spurt og leita, men har t.d. enno til gode å høyre overbevisande, pedagogiske argument for ein 1–10 skule på Campus. Med sambruk av både fagfolk, drifts- og reinhaldspersonell, og ute- og inneområde – endåtil i hardare konkurranse med enno fleire skular og aktørar, kan ein for meg soneinndele så mykje ein vil – borna ville likevel hatt opplevinga av å gå på ein STOR skule (med topp ti-plassering i godt selskap med Oslo-skulane).
At relevante argument for plassering på Kvåle har kome via e-postar og telefonar til enkeltpersonar som det «ikkje kan refererast til», er etter mi meining ein større trussel mot ein demokratisk og open prosess, enn hard tone i kommentarfelta i avisa eller på sosiale media. Det burde vere like spelereglar for alle. Personar må sjølvsagt få lov til å vere anonyme – men anonyme argument syns eg ikkje høyrer heime i formelle prosessar som denne. Det gjev tvert om inntrykk av at dei ikkje toler dagens lys, og har medverka til forvirring om intensjonen bak tilrådinga om plassering av skulen på Kvåle. Når innbyggjarane ikkje forstår administrasjonen sine argumentasjonsrekkjer og konklusjon, og framlegget endåtil ikkje i særleg grad speglar samfunnsplan, faglege innspel eller opinion, vert det naturleg for ein stakkars medborgar å leite etter alternative forklaringar. Og ja – fantasien er ofte verre enn realiteten.
Nokre søkjer å nære opp under konflikt ved å påpeike vikarierande motiv. Men dersom ein meir undrande enn påståeleg løftar spørsmålet, kan det falle i «betre grobotn» og slik stimulere til etisk/kritisk refleksjon over eigne bidrag og skisserte løysingar, og meir heilskaplege tilnærmingar. Kor mange av kommunen sine behov er realistiske å møte, før det går ut over kvaliteten på primæroppdraget? Gjorde ambisjonen om å slå mange fluger i same smekk så at ein miste den første fluga av syne? Sjølv har eg grubla litt på i kva grad det påverkar eige standpunkt det faktum at det ikkje er mine born som vil oppleve byggefasa ved Trudvang, og at eg svært gjerne ynskjer at der finnast møte- og leikeplass på Trudvang for dei også i framtida. Er det allmenngyldige argument eg nyttar, eller handlar det om kva som er best for meg?
Det kan også vere nyttig å snakke om «nettverk», i sosiologien omtala som «sosial kapital». Som omgrepet uttrykkjer, utgjer nettverk ein type rikdom som kan vekslast inn i andre gode. Kjende i nettverket ditt har til dømes kanskje gjeve deg tilgang på både arbeid, hus og ektemann. Men relasjonane i nettverket må pleiast. Slik «social grooming» gjer vi gjerne i offentlegheita, som når vi framhevar og anerkjenner andre sitt arbeid på sosiale media. Samstundes får vi kommunisert kva omgangskretsar vi inngår i, noko som kan ha ein styrkjande effekt på nettverkskonstellasjonane. Relasjonar blir altså «vatna» gjennom til dømes merksemd og anerkjenning, og banda forsterka gjennom lojalitet og samarbeid.
Og her kjem baksida av medaljen som så få snakkar om – lojalitet og samarbeid kan bli for bindande. Store og viktige nettverk kan avgrense vårt handlingsrepertoar og vere uheldig for føresetnadane for å ta gode val. Gje oss litt tåkesyn, nett som då vi i barndomen var inkludert i venegjengen, men ikkje våga seie ifrå eller handle i tråd med magekjensla. Lojalitet til nettverk og samarbeid kan gå på kostnad av integritet og lojalitet til eigne verdiar. Har ein meiningar som er i utakt med nettverk og samarbeidspartnarar, eller endåtil eigen arbeidsgjevar, kan det nemleg få konsekvensar for kvaliteten på relasjonane, framtidsutsiktene i bedrifta, for framtidig samarbeid, for status og posisjon. For innflytelse og makt. Alt dette har vi ikkje så reint lite av i Sogn.
Både nettverk, samarbeid, innflytelse og makt er kanskje sjølve oppskrifta på Sogndalsmodellen, og har vore avgjerande for at ein i ei lita bygd som Sogndal har klart å skape så mykje. Nettverk opnar dører og er altså utvilsamt ein positiv kapital å ha til rådvelde, både privat og i næringslivet. Men nettverk forpliktar. Korleis vi forvaltar nettverket og nyttar innflytelsen set store krav til etisk refleksjon, fordi ein gjennom denne maktmekanismen påverkar korleis andre menneske tenkjer og handlar. Det blir som manipulering, men med betre hensikter. Samstundes blir ein sjølv påverka av andre sin innflytelse, det vere seg bevisst eller ubevisst. Nettverk, lojalitet og tette band kan difor vel så gjerne ha bidrege til å kneble ein open og ærleg diskusjon rundt fordelar og ulemper ved plassering av barneskulen. Forsiktige klapp på skuldra og kviskrande ros over engasjement i skulesaka tolkar eg som døme på nettopp korleis mange syns det har vore vanskeleg å offentleg/høglydt ta stilling i skulesaka, då kanskje meiningane ikkje harmoniserte med eins posisjon i bygda. (Sjølv) sensuren synast altså å gå begge vegar, og eg syns det er uheldig at det skal vere slik.
Det er ubehageleg å snakke om skjulte agendaer og vikarierande motiv, og å stille for nærgåande spørsmål. Fallhøgda er stor – både for den som spør, og for den som eventuelt blir svar skuldig. Når eg no likevel løftar temaet, er det fordi eg trur gevinsten veg opp for risikoen. Det eigentlege temaet er tillit, og rokkar ved enno meir grunnleggjande fundament enn grunnlaget for plassering av barneskule. Det handlar også om bygda sin tillit til arbeidet kommunen gjer, og rører ved fellesskapa og samhaldet innbyggjarane imellom. På same måte som med bekymra barn med livleg fantasi, må slik uro takast på alvor og ikkje dyssast ned. Det kviler difor eit like stort ansvar på kommunen for å halde fram med ryddige, opne prosessar og godt samarbeid også etter vedtak i kommunestyret.
Eg vonar innlegget kan fungere som ei venleg oppfordring om å reflektere over også skjulte dynamikkar som kan verke styrande på både ordskifte og samfunnsutvikling, gjerne meir enn krasse kommentarar i sosiale media. Eg er overtydd om at viktige debattar ville blitt enno meir nyansert, avgjerder enno betre, og demokratiet enno meir styrkja om fleire vågde å vere lojale mot eigne verdiar og rettferdssans og uttrykkje eigne meiningar, sjølv når det måtte stri imot fleirtalet, kollegaer på arbeidsplassen, samarbeidspartnarar – eller mot det som måtte gje mest mynt i kassa. Like hovud tenkjer likt – meiningar som er annleis burde difor vere svært velkomne då det er desse som har potensialet til å lære oss noko nytt! Eg vonar også det let seg gjere å finne tilbake til eit mildare diskusjonsklima og halde fram med ein god samarbeidskultur. Der er enno mykje viktig arbeid som står att. At hjarta bankar sterkt hos mange og at replikkane til tider kan kome fort, er ikkje til å unngå. Det handlar jo om å legge til rette for gode kvardagar for borna våre, og det handlar om korleis vi vil at bygda vår skal sjå ut i framtida. Det hadde vore trist om det ikkje engasjerte!