Oljesøl på E16

DEL

Vest politidistrikt melde like etter klokka 16.00 tysdag om oljesøl i vegen frå Klovnasteinen og til Onstadtunnelen på E16 mellom Aurland og Flåm.

Brannvesenet, politiet og entreprenør rykte ut for å undersøkja.

Klokka 17.45 opplyser Vegtrafikksentralen at det er store mengde diesel som ligg i vegbana. Vegen har vore heilt stengd ein periode, men klokka 18.00 vart det opna for manuell dirigering.

Klokka 18.30 var det fri ferdsel igjen på staden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken