Deler ut nær ein million til reiselivssatsingar - desse får støtte

FÅR STØTTE: Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å tilretteleggja siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. (Arkivfoto: Christoffer Elgåen)

FÅR STØTTE: Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å tilretteleggja siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. (Arkivfoto: Christoffer Elgåen)

Av

Ti prosjekt i fylket har fått støtte gjennom fylkeskommunen si tilskottsordning for infrastrukturmidlar til reiseliv.

DEL

Då søknadsfristen gjekk ut 15. februar, var det kome inn 29 søknader med ein samla søknadssum på over 5,2 millionar kroner. Prosjekta har eit samla budsjett på over 16,1 millionar, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.970.000 kroner er no fordelte på totalt ti prosjekt. Heile den tilgjengelege ramma for 2019 er brukt, samt noko restmidlar frå tidlegare år. Med tronge rammer og betydeleg auke i søknadar frå 2018 er det mange gode tiltak som ikkje har nådd opp, heiter det i pressemeldinga.Destinasjonsselskapa har fått uttale seg om prosjekta før tildeling, slik at dei er forankra i regionane.Tilskotsordninga skal støtta tiltak som skal gjera dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Fylkeskommunen ynskjer spesielt å leggja til rette for at turisten kan vandra for å oppleva attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar. I år har særleg parkeringsplassar som legg til rette for vandring, vorte prioriterte då tilskotet skulle fordelast. Midlane er delte ut til desse prosjekta:Visit Fjordkysten har fått tildelt 200.000 kroner til utvikling av fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs Fjordkysten.Balestrand Adventure har fått 117.500 kroner til oppstart av turistbuss frå Balestrand til Fjærlandsfjorden over Gaularfjellet.Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naustdal kommune, Gaular kommune og Førde kommune har fått tilskot til å etablera/oppgradera parkeringsplassar i samband med turstiar.Jølster Aurefest har fått tilskot på 30.000 kroner til å utvikla ei nettside med digitalt fiskekart over gode fiskeplassar i Jølster.Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å tilretteleggja siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. Dette er eit prosjekt fylkeskommunen har støtta tidlegare, og som dei ynskjer å støtta vidare slik at ein får fullført prosjektet.Vik kommune får 75.000 kroner til å kartleggja og utvikla eksisterande infrastruktur av sti og grusveg til å utvikla attraktive skilta/guida sykkel- og vandreprodukt over Vikafjellet og ned til Myrkdalen.

Artikkeltags