Prioriterer innan tronge rammer - samde om Vestlandsbudsjettet

VART SAMDE: Gruppeleiarane for samarbeidspartia på fylkestinget, f.v. Anne Gine Hestetun (Ap), Aleksander Øren Heen (Sp), Trude Brosvik (KrF), Alfred Bjørlo (V), Marthe Hammer (SV) og Natalia Golis (MDG). (Pressefoto)

VART SAMDE: Gruppeleiarane for samarbeidspartia på fylkestinget, f.v. Anne Gine Hestetun (Ap), Aleksander Øren Heen (Sp), Trude Brosvik (KrF), Alfred Bjørlo (V), Marthe Hammer (SV) og Natalia Golis (MDG). (Pressefoto)

Av

Sikrar skular, skjermar kollektivtrafikken og tek eit lyft for kultur og friviljugheit innan krevjande økonomiske rammer.

DEL

Samarbeidspartia Sp, KrF, SV, MDG, V og Ap har samla seg om prioriteringane i det fyrste budsjettet for Vestland fylkeskommune.

- Knappe rammer

Det har vore viktig for koalisjonen å sikra ei forsvarleg økonomisk styring av det nye storfylket, og samstundes sikra så gode tenester som mogeleg til innbyggjarane i fylket.- I dette budsjettframlegget klarer me å kutta utgiftene med omlag 100 millionar kroner, samstundes som me satsar på skule, klima og frivillig arbeid, og skjermar kollektivtrafikken. Det klarer me gjennom omprioritering innan svært knappe rammer, heiter det i pressemeldinga.

Skulesatsing

Dei største satsingane i partia sitt budsjettframlegg ligg innan opplæringsfeltet, der skulane vert tilført i overkant av 17 millionar kroner, og skulesektoren samla får nærmare 40 millionar.Koalisjonen vidarefører ordningane med skulefrukost og vaksinasjon mot hjernehinnebetennelse, og utvidar desse til å gjelda heile Vestland.Fleirtalspartia styrkjer ordninga med skulepsykologar, som fylkesrådmannen hadde tilrådd å leggja ned.- Det viktigaste me kan gjera for å jamna ut sosiale skilnader og sikra at det er mogeleg å bu og leva i heile fylket, er å tryggja ei god vidaregåande opplæring, skriv samarbeidspartia i pressemeldinga.

Kollektivskjerming

Vidare har koalisjonen funne rom for fleire klimatiltak, som mellom anna inneber å laga ein klimaplan for fylket og å satsa på kollektivtrafikk.I rådmannen sitt budsjettarbeid var det føreslege å kutta i avgangar i kollektivtrafikken i og rundt Bergen.- Me har vore opptekne av å skjerma kollektivtilbodet, og det ligg difor ikkje framlegg til kutt i avgangar i vårt budsjettframlegg, skriv samarbeidspartia.

- Limen i samfunnet

Friviljug arbeid og kultur har òg vore ei viktig satsing for fleirtalskoalisjonen på fylkestinget.Difor har dei auka tildelingane til små og store institusjonar, lag og organisasjonar i fylket.- Kultur og friviljug arbeid er limen i samfunnet vårt, og kulturen har ein eigenverdi. Difor aukar me tildelingane til ei rekkje aktørar som bidreg til å gje folk i fylket vårt ein arena for utfolding og fellesskap, skriv samarbeidspartia i pressemeldinga.

- Har distriktsprofil

Både små og store samarbeidsparti er nøgde med budsjettet dei no har samla seg om.- Venstre er glade for at det fyrste budsjettet i Vestland fylke har ein tydeleg distriktsprofil, med sterk vekt på å satsa på vidaregåande skule, kultur og frivilligheit, og ei tung satsing på rassikring og samferdsle, seier Alfred Bjørlo, som er fungerande gruppeleiar for Venstre på fylkestinget.- Me er nøgde med at me har fått eit godt budsjett innan krevjande økonomiske rammer, som viser politiske prioriteringar, seier gruppeleiar Anne Gine Hestetun i Arbeidarpartiet, og held fram:- For Arbeidarpartiet har det vore spesielt viktig å vri pengar inn mot opplæring og å få til ei større satsing på friviljug sektor.

Artikkeltags