Norsun trekkjer permitteringsvarsel - produksjonen i gang att

I GANG: Produksjonen er i gang att ved Norsun. (Arkivfoto)

I GANG: Produksjonen er i gang att ved Norsun. (Arkivfoto)

Av

Norsun trekkjer tilbake permitteringsvarsel og produksjonen er i gang att ved fabrikken i Årdal.

DEL

Straumbrot og spenningsforstyrringar råka bedrifta 8. oktober. Det vilkårsbunde permitteringsvarselet som vart sendt ut med tanke på ein potensiell lengre nedstenging av kapasiteten, er difor trekt tilbake, skriv selskapet i ei pressemelding.

I gang

- Produksjonen er no i gang att ved Norsuns produksjonsanlegg i Årdal. Norsun har god framdrift i arbeidet med å starte opp krystalltrekkjarane etter det omfattande straumbrotet og spenningsforstyrringane. Av våre 71 trekkjararar er 60 alt tilbake i normal drift. De tilsette jobbar hardt og målbevisst for å sikra trygg oppstart av de resterande trekkjarane før i helgen, seier administrerande direktør Svenn Ivar Fure i ein kommentar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken