Gå til sidens hovedinnhold

God drift, men redusert overskot

Artikkelen er over 2 år gammel

Hydro Årdal hadde eit resultat på 46 millionar kroner i tredje kvartal i år.

Dette er ein kraftig nedgang samanlikna med tredje kvartal i fjor, då resultatet var 167 millionar kroner. Men alle fabrikkane i Noreg melder om nedgang i overskotet dette kvartalet.Fabrikksjef Wenche Eldegard melder i ei pressemelding om god drift ved Hydro Årdal- Me legg bak oss et kvartal med gode produksjonstal, og elektrolysen leverer produksjonsrekord i tredje kvartal trass i ein utfordrande periode med varierande kvalitet på råstoffet alumina. Me har ein veldig kompetent organisasjon som gjør at me likevel greier å halda god drift på fabrikken, og det er eg stolt av.

Karbon

På karbonfabrikken går utbyggings- og automatiseringsprosjekta som planlagd. Ombygging av omn 4 i første halvår har gjeve resultat som venta, og karbonfabrikken leverer som planlagd både på produksjonsauke og reduserte vrak. I tredje kvartal blei det sett ny produksjonsrekord.- Me ser no fram til ombygging av omn 3 i fjerde kvartal, som vil gje ein ytterlegare produksjonsauke, seier Eldegard.

Renseanlegg

Fleire tiltak er også sett i verk for reinseanlegga på karbon for å redusera risikoen for utfall ved karbonanleggets reinseanlegg.- Ekspertgruppa som blei etablert i sommar har identifisert og planlagd tiltak, og me gjennomfører fleire av desse no i haust.Ved fabrikken i Høyanger var overskot ni millionar kroner i tredje kvartal. Også der blir det meld om god drift.

Kommentarer til denne saken