Sterk vekst i utlån til næringslivet: - Viser optimisme

GODT RESULTAT: Direktør for bedriftsmarknad Kjetil Bjørset (t.v.) og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane melder eit godt resultat for banken i årets andre kvartal. (Pressefoto)

GODT RESULTAT: Direktør for bedriftsmarknad Kjetil Bjørset (t.v.) og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane melder eit godt resultat for banken i årets andre kvartal. (Pressefoto)

Av

Sparebanken Sogn og Fjordane opplev sterk utlånsauke til næringslivet.

DEL

- Det viser optimisme i regionen, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

- Godt resultat

Samla sett viser tala frå årets andre kvartal eit godt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane. Låge utlånstap, god vekst i netto renteinntekter og eit godt resultat frå finansielle investeringar, gjer til at totalresultatet til no i 2019 er på 243 millionar kroner. Det er opp 23 millionar frå same periode i fjor, går det fram av ei pressemelding frå banken.- At me leverer gode resultat, er svært gledeleg for oss. Me er veldig nøgde med at me vinn kampen om kundane og er konkurransedyktige, både i privat- og bedriftsmarknaden, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

God utlånsvekst

Teigene nemner spesielt næringslivet, der det har vore høg aktivitet i andre kvartal. Dei siste tolv månadane har banken hatt ein utlånsvekst på 700 millionar kroner til næringslivet i fylket.- Dette viser både framtidsoptimisme, men og at det no blir investert med utgangspunkt i gode økonomiske resultat bakover i tid, meiner Teigene.- Med 12,6 milliardar i utlån til bedriftene har banken styrka sin posisjon som leverandør av finansielle tenester i Sogn og Fjordane, legg han til.

Landbrukssektoren

Ei av næringane som viser god utvikling, er landbrukssektoren. Her har utlånsveksten auka med over ti prosent, eller 140 millionar kroner, siste tolv månadane.- Landbruk er ei viktig næringsgrein for området vårt. Den er på mange måtar ein stabiliserande faktor når det gjeld busetnad og folketal, seier Kjetil Bjørset, direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane.Han opplyser at banken har rundt 40 årsverk som jobbar direkte med næringskundar i Sogn og Fjordane.

Gir tilbake

Gode resultat gir meir tilbake til lokalsamfunna i fylket, vert det peika på i pressemeldinga.Kvart år går delar av overskotet til banken tilbake som gåver til samfunnsnyttige føremål. Gåvene vert gitt av eigarstiftingane, Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og frå banken sjølv. Om lag 45 millionar kroner av banken sitt overskot blir i år gitt som gåver.Les òg: No kan du søkja om midlar

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken