Får du pengar tilbake på skatten i dag?

Av

Skatteoppgjeret er klart for nesten 4 millionar lønstakarar og pensjonistar. 2,7 millionar får eit gjennomsnittsbeløp på 11.000 kroner att på skatten.

DEL

Dei 2,7 millionar skattytarane som har skatt til gode, får tilsaman 29,2 milliardar kroner tilbakebetalt. Litt over ein halv million lønstakarar og pensjonistar får restskatt. Dei må betala til saman 10 milliardar kroner, eit gjennomsnitt på 18.300 kroner, går det fram av ei pressemelding frå Skatteetaten.Viss det er noko i skatteoppgjeret som ikkje stemmer, skal du i dei fleste tilfelle endra dette sjølv ved å leverea skattemeldingen på nytt. Dette kan du gjera opp til tre år etter leveringsfristen.For dei som ikke mottek skatteoppgjeret 20. juni, er det løpande oppgjer mellom 15. august og 24. oktober.Det gjeld mellom anna personleg næringsdrivande og deira ektefelle, og lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir. Andre årsaker til at du får skatteoppgjeret seinare kan vera at skattemeldingen din manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller du kan vera teken ut til kontroll.Om lag 900.000 skattytarar får skatteoppgjeret mellom 15. august og 24. oktober.

Artikkeltags