Sogn Sparebank held posisjonen etter fusjon

Av
DEL

Sogn Sparebank hadde eit ordinært resultat på 39,6 millionar kroner før skatt per tredje kvartal 2019.Ordinært resultat etter skatt og tap vart 33,6 millionar, skriv Sogn Sparebank i ei pressemelding.Banken sin bokførte eigenkapital utgjorde 896,7 millionar kroner ved utgangen av kvartalet. Eigenkapitalavkastinga var 7,08 prosent.Resultatet hittil for 2019 har vore prega av fusjonsarbeidet kring samanslåinga av Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank. Bokførte fusjonskostnader i 2019 er 10,3 millionar. Banken forventar ikkje ytterlegare fusjonskostnader av betydning i 4. kvartal 2019.Trass mykje merksemd kring fusjonen i 2019, har Sogn Sparebank halde posisjonen som den største lokalstyrte banken i Sogn, heiter det i pressemeldinga.Banksjef Mads Arnfinn Indrehus er stolt over dei tilsette som har stått på, og takkar kundane for lojaliteten og tolmodet dei har vist i fusjonsprosessen.

Artikkeltags